Opna hovudmenyen

Chatham

Elvebreidda ved Chatham frå Sun Pier
Elvebreidda ved Chatham frå Sun Pier
Plassering
Chatham i Kent is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap Kent
Distrikt Medway
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2007)

76 342
Koordinatar 51°22′″N 0°32′″EKoordinatar: 51°22′″N 0°32′″E
Diverse annan informasjon
Postnummer ME4, ME5
Telefon-retningsnummer 01634
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Chatham i Kent

Chatham er ein by i Kent sør i England. Han voks opp rundt eit marineverft ved austbreidda av elva Medway.

Saman med Rochester og Gillingham er han del av eit urbant område med felles administrasjon, kjent som Medwaybyane. Det samla folketalet er omkring 250 000, medan Chatham har kring 75 000.

Marinebasen var svært sentral i oppbygninga av den engelske marinen1500-talet, men alt på 800-talet vart det bygd krigsskip på staden. Aktiviteten vart sterkt nedtrappa etter andre verdskrigen, og 1984 vart basen nedlagt. Delar av han er open for publikum som ein historisk stad, og resten av omgjort til ein kommersiell marina.

Under Napoleonskrigane låg fleire fangeskip (prisonskip) i Chatham og Gillingham, og der var innsett mellom anna norske fangar.

Den kongelege militære ingeniørskulen ligg i bydelen Brompton. Eit museum vigd Ingeniørkorpset ligg i nabobyen Gillingham.

Charles Dickens budde i Chatham frå han var fem til han var ti år gammal.

KjelderEndra