Chernovitt-(Y)
Chernovitt-(y) er eit mineral som er påvist i små mengder i einskilde norske granittpegmatittar (Kragerø, Gjerstad, Sørfold). Det er eit tetragonalt yttriumarsenat, YAsO4, med same struktur som xenotim-(Y). Det er kalla opp etter den russiske geologen A. A. Tsjernov.
Kjelder
endre- Chernovitt (Y). (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/chernovitt-%28Y%29.