Sørfold kommune
kommune i Nordland fylke i Noreg
(Omdirigert frå Sørfold)
Sørfold er ein kommune i distriktet Indre Salten i Nordland fylke. Han grensar i nordvest mot Steigen, i nordaust mot Hamarøy, i sør mot Fauske og i vest/sørvest mot Bodø. Aust om Sørfold er Jokkmokk kommune i Sverige.
Sørfold kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Nordland | ||
Adm.senter | Straumen | ||
Areal | 1 637,42 km² | ||
- land | 1 474,89 km² | ||
- vatn | 162,53 km² | ||
Folketal | 1 845 (1. januar 2023) | ||
Målform | bokmål | ||
Ordførar | Gisle Erik Hansen (Sp) | ||
Kommunenr. | 1845 | ||
![]() Sørfold kommune | |||
Wikimedia Commons: Sørfold | |||
Nettstad: www.sorfold.kommune.no | |||
Sørfold kommunen omfattar 1636 kvadratkilometer med knapt 2000 ibuarar. Administrasjonssenteret ligg i Straumen, ei bygd i den indre delen av fjorden Sørfolda. Andre større bygder og grender er kyrkjestaden Røsvik, Indre og Ytre Styrkesnes og Mørsvikbotn.
1517 meter over havet høge Gasskačohkka er den høgste fjelltoppen i Sørfold kommune. Fjelltoppen er grensefjel mot Hamarøy kommune.