Cherry, Cherry
Singel av Neil Diamond
frå albumet The Feel of Neil Diamond
B-side

«I'll Come Running»

Utgjeve Juli 1966[1]
Sjanger Poprock
Lengd 2:39
Selskap Bang
Låtskrivar(ar) Neil Diamond
Produsent Jeff Barry og Ellie Greenwich
Neil Diamond-kronologi 
«Solitary Man»
(1966)
Cherry, Cherry «I Got the Feelin' (Oh No, No)»
(1966)


«Cherry, Cherry» er ein song skriven og innspelt av Neil Diamond. Songen vart arrangert av Artie Butler og produsert av Jeff Barry og Ellie Greenwich. Han vart gjeven ut på singel i 1966 og vart den første store hitten til Diamond,[1][2] med ein sjetteplass på både Billboard Hot 100 chart,[2] i oktober 1966,[1] og Cash Box-lista. Singelen skal ha selt over 1 million eksemplar verda over. Ellie Greenwich kom oppmed refrenget og kan høyrast på korvokal.

I 1973 vart eit konsertopptak av «Cherry, Cherry» gjeve ut på singel frå konsertalbumet Hot August Night (1972). Denne versjonen nådde 24. plass på Cash Box-lista og 31. plass på Billboard Hot 100-lista.[2]

Rolling Stone omtalte sidan «Cherry, Cherry» som «ein av dei beste tre-akkordssongane gjennom tidene».[3]

Studiogitaristen Al Gorgoni (som seinare spelte på «The Sound of Silence» av Simon & Garfunkel og «Brown Eyed Girl» av Van Morrison) spelte på songen.

Det er gjeve ut to versjonar av «Cherry, Cherry». Den mest kjende versjonen vart gjeven ut av Bang Records i 1966. Den andre verdsjonen, med forskjellig tekst og opphavleg meint som singel, vart etter kvart gjeve ut av Diamond og Sony Music Entertainment i 1996 på samlealbumet In My Lifetime.

Andre versjonar endre

  • Jonathan King spelte ein versjon av songen i 1970 og vart ein hitt i heile Europa, særleg i Nederland, Belgia og Frankrike.
  • Kramer spelte ein versjon av songen i 2010 for albumet The Brill Building (på Tzadik Records). Songen er songen på spansk/cubansk.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 William Ruhlmann. «Neil Diamond: Biography». Allmusic. Henta 20. august 2013. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Whitburn, Joel (1983). The Billboard Book of Top 40 Hits: 1955 to present. Billboard Publications. ISBN 0-8230-7511-7.  s. 88.
  3. Dan Epstein (3. november 2005). «Neil Diamonds' Jewels». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 25. juli 2008. Henta 20. august 2013.