Chicha er eit spansk ord for ymse gjæra drikkevarer. Drikken kan lagast av mais, maniok (òg kalla yuca eller cassava) eller frukt. I Inkariket lærte kvinnene å brygge chica i ein acllahuasi (kvinneskule).

Chicha morada servert med pipeño
Brygging av chicha morada med mais og ananas.

Drikken vert vanlegvis laga av ein spesiell sort gul mais (jora), og han får då ofte namnet chicha de jora. Han har ein bleik stråfarge og kan sjå noko mjølkeaktig ut. Drikken har ein sur ettersmak, som kan minne om alkoholhaldig eplesider. Chicha vert drukke anten fersk og søt, eller moden og fyldig. Han inneheld noko alkohol, 1-3 %.

Chica vert vanlegvis assosiert med mais, men ordet vert i Andesfjella brukt om nesten alle heimelaga, gjæra drikkevarer, og ein bruker forskjellige kornsortar og frukt til å lage chica i forskjellige regionar.

I Peru tyder chicha òg eit uformelt arrangement eller ein gateseljar. I andre latinamerikanske land, som Panama, kan chicha rett og slett tyde mineralvatn eller jus.

Det vanlege spanske uttrykket «Ni chicha ni limonada», har omtrent same tyding som det norske uttrykket «verken fugl eller fisk».

Kjelder endre