Chinchipe er ei elv i nordlege Cajamarca-regionen i Peru. Ho oppstår ved grensa mot Zamora-Chinchipe-provinsen i Ecuador der hovudlaupet Mayo og Canchis renn saman til Chinchipe. Frå grensa renn ho mot søraust grovt rekna 80 kilometer før ho møter Marañón. I Ecuador drenerer dette elvesystemet store delar av sørlege Zamora-Chinchipe, i vifteform frå vest mot nord og aust gjer desse elvane tilførsel til Mayo: Canchis , Isimánchi, Palanuma, Palanda, Loyala, Vergel og Sangola. I Peru er store sideelvar til Chinchipe Tabaconas og Chirinos.

Chinchipe
elv
Land  Peru,  Ecuador
Kart
Chinchipe
5°31′00″S 78°33′00″W / 5.5166666666667°S 78.55°W / -5.5166666666667; -78.55
Wikimedia Commons: Mayo-Chinchipe