Marañón er ei 1 905 km lang elv i Peru, og ei av sideelvane til Amazonaselva. Ho er ei av dei viktigaste elvane i Peru og den fyrste hovudkjelda til Amazonaselva.[1]

Marañón
elv
Land  Peru,  Ecuador
Sideelvar Utcubamba, Cenepa, Santiago,
Morona, Pastaza, Huallaga og Tigre m.fl.
Lengd 1 905 km
Kjelde Isbreen i Nevado de Yapura,
Cordillera Huayhuash, Andes
 •  høgd 5 800 moh.
Munning Amazonaselva vest for Iquitos
Kart
Marañón
9°59′19″S 76°40′57″W / 9.988631°S 76.682364°W / -9.988631; -76.682364
Kart over Amazonas. Marañón indikert med lilla farge
Kart over Amazonas. Marañón indikert med lilla farge
Kart over Amazonas. Marañón indikert med lilla farge
Wikimedia Commons: Marañón River

Elva har utspring i 5 800 meters høgd nær Cordillera Huayhuash ca. 160 km nordaust for Lima, renn gjennom ein stor del av Andesfjella i det nordlege Peru og tar imot fleire sideelvar, m.a. Utcubamba. Når ho møter Ucayali skiftar dei namn til Amazonaselva. På vegen ned gjennom høgfjellet til flat regnskog går elva gjennom fleire djupe gjel.

Elvedalen Marañón mellom Chachapoyas og Celendín.
Foto: Gerd Breitenbach

Elva er ein viktig del av romanen La Serpiente de Oro, av den peruanske forfattaren Ciro Alegría.

I 2024 fann ein domstol i Nauta i Peru at elva har visse grunnleggjande rettar, som retten til å vera del av økosystem og retten til å vera fri for ureining.[1]

Kjelder

endre