Brune pinnar
(Omdirigert frå Chokladsnitt)
Brune pinnar er ein type småkake som er kjend som julebakst i Noreg.[1]
Kakene blir laga av kveitemjøl, smør, sukker, eggeplomme, sirup, natron, kanel og vaniljesukker. Deigen blir gjerne pressa ut til flate remser for hand. Remsene blir skorne i smale striper (pinnar) på skrå etter at dei er steikte, men framleis er varme.[1] Ein kan pynta dei med egg, hakka mandlar og perlesukker.[1][2]
På svensk blir ei lik eller liknande kake kalla kolakaka.[3][4] Kola tyder 'karamell' på svensk.[5]
Chokladsnittar er ei anna liknande svensk kake som har kakao i deigen.[6]
Sjå òg
endreKjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 TINE, «Brune Pinner - Oppskrift fra TINE Kjøkken», TINE (på norsk), henta 23. oktober 2021
- ↑ kitchen, north wild (17. desember 2018), «Brune Pinner (Norwegian Christmas Cookies)», North Wild Kitchen (på engelsk), henta 23. oktober 2021
- ↑ «Svenske kolakaker», Mills AS (på norsk bokmål), henta 23. oktober 2021
- ↑ NRK (8. desember 2017), «Kolakaker», NRK (på norsk bokmål), henta 23. oktober 2021
- ↑ «Kolakaker», Det søte liv (på engelsk), 26. januar 2005, henta 23. oktober 2021
- ↑ «Chokladsnitt», ICA.se (på svensk), henta 23. oktober 2021