Chonthicha Jangrew

Chonthicha Jangrew (fødd 1995) er ein thailandsk menneskeretts- og demokratiaktivist, og parlamentsmedlem for det sosialdemokratiske og progressive partiet Phak Prachachon (etterfølgjarpartiet til Gå framover).[1]

Chonthicha Jangrew
Fødenamn ชลธิชา แจ้งเร็ว
Statsborgarskap Thailand
Yrke aktivist

Ho byrja å slost for demokrati i demonstrasjonar mot den thailandske rojalist- og militærstøtta regjeringa som etterfølgde militærkuppet i 2014. Ho var medgrunnleggjar av den thailandske prodemokrati-gruppa Democracy Restoration Group[2][3], og deltok vidare i dei studentleidde demonstrasjonane i Thailand i 2020 som kravde at dåverande statsminister Prayut Chan-o-cha skulle gå av.

Ho vart omtalt av nyheitsmagasinet Time som ein av «Times neste generasjons leiarar 2024».[4]

Kjelder

endre
  1. «นางสาวชลธิชา แจ้งเร็วสภาผู้แทนราษฎร ชุดที่ 26 พ.ศ. 2566» (på thai). Sekretariatet til representanthuset. 2023. Henta 28. juli 2024. 
  2. Chonthicha Jangrew (23. september 2019). «The Trouble with Thailand» (på engelsk). The Diplomat. Henta 12. oktober 2024. 
  3. «OBS - Thaïlande - Lookkate» (på thai og engelsk). FIDH (International Federation for Human Rights). 2. februar 2021. Henta 12. oktober 2024. 
  4. Koh Ewe (16. mai 2024). «The Thai Activist-Turned-Politician Who’s Bringing the Protest to Parliament» (på engelsk). Time. Henta 28. juli 2024. 

Bakgrunnsstoff

endre