Chorley
Chorley er ein marknadsby i grevskapet Lancashire i England. Han har kring 31 500 innbyggjarar.
Chorley | ||
---|---|---|
Mot sentrum i Chorley | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | Lancashire | |
Distrikt | Chorley | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2001) |
31 556 | |
Koordinatar | 53°39′N 2°38′W / 53.650°N 2.633°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | PR6, PR7 | |
Telefon-retningsnummer | 0 1257 | |
Velstanden til byen kjem hovudsakleg frå bomullsindustrien. Så seint som i 1970-åra var horisonten av byen dominert av mange fabrikkpiper, men dei fleste av desse er no nedrivne. Restar av industrifortida er mellom anna Morrison-pipa og fleire andre møllebygningar, samt dei terrasserte arbeidarhusa. Chorley er kjend for Chorley-kake.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Chorley» frå Wikipedia på engelsk, den 23. juli 2011.