Opna hovudmenyen

Chris Curtis (fødd 26. august 1941 som Christopher Crummey, daud 28. februar 2005) var ein engelsk trommeslagar og songar i beatbandet The Searchers i 1960-åra. Han var òg med å skape bandet Roundabout, som utvikla seg til å bli Deep Purple.

Chris Curtis
Fødd26. august 1941(1941-08-26)
FødestadOldham, Lancashire, England
Død28. februar 2005 (63 år)
DødsstadLiverpool
FødenamnChristopher Crummey
OpphavStorbritannia
Aktiv1960- og 1970-åra
InstrumentTrommer
Tilknytte artistarThe Searchers, Roundabout

BiografiEndra

Curtis var temperamentsfull og hadde stundom raseriutbrot,[1] og dominerte The Searchers, ikkje berre som musikar og låtskrivar, men òg med personlegdomen sin.[1] Det var då han slutta i bandet at bandet slutta å produsere hittar. Tre av dei fire første singlane deira gjekk til topps på den britiske hitlista.

Curtis spelte inn ein solosingel då han slutta i The Searchers, kalla «Aggravation». Han skipa Deep Purple då han førte saman Ritchie Blackmore, Nick Simper og Jon Lord som medlemmar av The Roundabout, men spelte ikkje sjølv lenge i bandet, og heldt ein relativt låg profil etter dette.[1]

KjelderEndra