Jon Lord

britisk musikar

Jonathan Douglas «Jon» Lord D.M. (9. juni 194116. juli 2012) var ein engelsk låtskrivar, pianist og organist som var kjend for pionerarbeidet sitt med å blande rock og klassisk eller barokkmusikk, særleg som langvarig medlem i Deep Purple, i tillegg til Whitesnake, Paice, Ashton & Lord, The Artwoods og Flower Pot Men.

Jon Lord

Lord in 1976
Fødd9. juni 1941(1941-06-09)
FødestadLeicester i England
Død16. juli 2012 (71 år)
DødsstadLondon i England
FødenamnJonathan Douglas Lord
OpphavStorbritannia
Aktiv1960–2012
Sjanger
Instrumenttangentinstrument, orgel, piano, synthesizer, vokal
Tilknytte artistar
Plateselskap
Verka som
  • Musikar
  • komponist

I 1968 var Lord med på å starte Deep Purple, der han i røynda var leiar av bandet fram til 1970. I tillegg skreiv Lord orgelriffet på «Child in Time». Han og trommeslagar Ian Paice var dei einaste medlemmane som var i bandet frå 1968 til 1976 og frå dei vart gjenforeint att i 1985 til Lord gav seg i Deep Purple i 2002. Han vart erstatta av Don Airey. Den 15. juli 2011 vart Lord æresdoktor i musikk i heimbyen sitt University of Leicester.

Lord hadde vurdert å forlate bandet ei god stund bel på grunn av dei tidkrevjande turneane. Ein månad i 2001 vikarierte Don Airey for han etter ein kneskade. Dette fungerte bra, så Lord avgjorde seg for å slutte i 2002.

Lord var respektert for virtuositeten sin på hammondorgel. Han vart gjerne kalla «Lord of the Hammond», og i hans 34-årige karriere med Deep Purple kan ein høyre hans særeigne soloar i mange av dei klassiske låtane deira.

Lord døydde av lungeemboli i juli 2012.

Diskografi

endre

For diskografien med Deep Purple, Paice, Ashton & Lord, Whitesnake og The Artwoods, sjå dei respektive banda.

Santa Barbara Machine Head

endre
  • 1968 Blues Anytime Vol. 3 («Porcupine Juice», «Albert», «Rubber Monkey»)
  • 1969 An Anthology of British Blues Vol. 2
  • 2002 Pre-Purple People («Porcupine Juice», «Albert», «Rubber Monkey»)

Solo- og orkesterverk med Deep Purple

endre

Med The Hoochie Coochie Men

endre
  • 2003 Live at the Basement
  • 2007 Danger. White Men Dancing

Andre

endre
  • 1964 Kinks (The Kinks, «You Really Got Me»)
  • 1967 Sound & Sats (The Leading Figures)
  • 1968 I Shall Be Released/Down in the Flood (Boz Burrell, SP)
  • 1968 Sundragon (Sundragon)
  • 1968 Madena/Standing Still (Anan, SP)
  • 1972 What a Bloody Long Day It's Been (Ashton, Gardner & Dyke, «The Falling Song» - strykarar arr.)
  • 1974 Rampant (Nazareth, «Glad When You're Gone», «Shanghai'd in Shanghai»)
  • 1976 Wizard's Convention (Eddie Hardin)
  • 1978 More Than Meets the Eye (Joe Breen)
  • 1979 Commercial Road (Richard Digance)
  • 1979 And About Time Too (Bernie Marsden])
  • 1980 Look at Me Now (Bernie Marsden)
  • 1981 Line-Up (Graham Bonnett)
  • 1982 Gone Troppo (George Harrison, «Circles»)
  • 1983 Octopuss (Cozy Powell)
  • 1984 About Face (David Gilmour)
  • 1985 Wind in the Willows (Eddie Hardin)
  • 1986 Detroit Diesel (Alvin Lee, «Ordinary Man», «Let's Go»)
  • 1989 Super Drumming Folge 1 & 2 (Pete York)
  • 1990 Rock Aid Armenia - The Earthquake Album («Smoke on the Water '90»)
  • 1990 About Love and Life (Vicki Brown, «We Are One»)
  • 1990 April Moon (Sam Brown, «Kontradictions»)
  • 1990 Pete York Presents Super Drumming Volume 3 («I Got Rhythm», «Heavy Ravel», «Gemini - Voice», «Windows»)
  • 1992 Cherkazoo & Other Stories (Ian Gillan, archival recordings 1972-74)
  • 1992 Wind in the Willows - A Rock Concert (Eddie Hardin, konsertopptak 1991, DVD 2003)
  • 1992 The Trommer Are Back (Cozy Powell, «The Rocket», «The Legend Of The Glass Mountain»)
  • 1992 Zoom (Alvin Lee, «Real Life Blues», «Wake Up Moma»)
  • 1994 Carnival of Light (Ride, «Moonlight Medicine»)
  • 1994 How Does It Feel to Feel (Ride, EP, «Journey to the End of Univers»)
  • 1995 Still a Few Pages Left (Hardin & York, «Stuck On You»)
  • 2002 Brainwashed (George Harrison, «Brainwashed»)
  • 2003 Bluesheart (Miller Anderson, «Help Me», «Runnin' Blues»)
  • 2005 Legends of Rock - 50 Jahre Rock (CD/DVD, live for ZDF 2004)
  • 2005 Min Jul (Marie Arredondo, arrangements)
  • 2006 Gillan's Inn (Ian Gillan, «When A Blind Man Cries», «Demon's Eye», «Smoke On The Water»)
  • 2008 Army of One (Espen Lind, «Sweet Love», «The Music Takes You There»)
  • 2009 Endangered Species - Live At Abbey Road 2000 (Tony Ashton & Friends, CD/DVD)
  • 2009 Childline Rocks 2009 (Ltd. Ed., «Pictured Within», «Child in Time», «You Keep On Moving»)
  • 2010 Stay Tuned (Bernhard Welz, «Child In Time»)
  • 2011 Dance (The Smith Quartet, writer of «Zarabanda Solitarie»)
  • 2011 Out of My Mind (WhoCares, charity CD single)
  • 2011 The Odyssey, Live (David Bedford, archive performance from 1977)

Fjernsyn og film

endre
  • 1991 Deep Purple - Heavy Metal Pioneers (Warner, intervjuobjekt)
  • 1995 Rock Family Trees, ep. 'Deep Purple' (BBC, intervjuobjekt)
  • 2002 Classic Albums, ep. 'Deep Purple - Machine Head' (ITV, intervjuobjekt)
  • 2004 The South Bank Show, ep. 'Malcolm Arnold - Toward the Unknown Region' (ITV, intervjuobjekt)
  • 2007 Ian Gillan - Highway Star: A Journey in Rock (intervjuobjekt)
  • 2009 John Mortimer - A Life in Words (BBC, intervjuobjekt)
  • 2009 Soul To Song, ep. 'Smoke On The Water' (Japansk TV, intervjuobjekt)
  • 2010 Heavy Metal Britannia (BBC, intervjuobjekt)
  • 2010 I'm in a Rock n' Roll Band, ep. 'The Other One' (BBC, intervjuobjekt)
  • 2011 Metal Evolution (SkyArts, intervjuobjekt)
  • 2011 How the Brits Rocked America (BBC, intervjuobjekt)

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Jon Lord