Opna hovudmenyen

Christen Larsen Arneberg

norsk politikar

Christen Larsen Arneberg (16. desember 180825. februar 1874) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Romedal i Hedmark.

Christen Larsen Arneberg
Fødd 16. desember 1808
Arneberg
Død

25. februar 1874

Yrke politikar

Arneberg var son av ein gardbrukar i Romedal. Sjølv kjøpte han garden Arneberg i heimbygda. Då han skøytte frå seg garden til sonen sin, budde han eit år på Lillehammer, før han flytta til Arneberg att. Han var ordførar i Romedal og i 1858 medlem av ein kongeleg kommisjon om skysslova.

1851-58 representerte Arneberg Hedemarkens amt på Stortinget. Han var i 1851 medlem av arbeidarkomiteen, medan han var medlem av tollkomiteen både i 1851, 1854, 1857 og på omframstortinget 1858.

Han døydde på slektsgarden i Romedal i 1874.

KjelderEndra