Opna hovudmenyen

Christian Christiansen

norsk politikar

Christian Christiansen (23. mai 182512. juli 1894) var ein norsk forretningsmann og fabrikkeigar frå Larvik. Han var stortingsmann for Larvik og Sandefjord i tida 1859-69 og valperioden 1874-76.

Christian Christiansen
Fødd 23. mai 1825
Død

12. juli 1894

Yrke politikar, forretningsdrivande

Christiansen var son til ein kjøpmann og fabrikkeigar. Han gjekk handelsskule i Leipzig og utdanna seg vidare i handelsyrket i Paris. Etter heimkoma til Larvik tok han over verksemda til faren og etablerte i tilleg ei rad bedrifter i Larvik som sysselsette mange menneske.

Christiansen var ordførar i Larvik i mange åra. Han representerte valkrinsen Larvik og Sandefjord på Stortinget fyrste gongen i 1859-60, då som medlem i Tollkomiteeen. Ved dei neste stortinga, 1862-63 og 1865-66, var han formann i same komiteen. Han møtte også på det overordentlege 1864-tinget. Stortinget 1868-69 var han medlem i Næringskomite nr. 2. I den tre år lange valperioden 1874-76 var han i 1874-sesjonen på ny med i Næringskomite nr 2, sidan hadde han plass i Jarnbanekomiteen. I 1886 møtte Christiansen på Stortinget som varamann frå Jarlsberg og Larviks amt, eit val som vart underkjent med 72 røyster mot 35.

År 1867 var Christiansen medlem i ein kongeleg kommisjon «om toldbehandling av varer og fartøier», deretter i 1875 med ein norsk-svensk komite om konsulatstellet og i 1879 i ein tollkommisjon.

I 1886 måtte Christiansen «overgi sit bo til skiftebehandling», og eiga hans seld. Frå 1888 budde han i Hedrum, men døydde i Kristiansand.

KjelderEndra