Christian Frederik Fasting
Christian Frederik Fasting (15. oktober 1799–16. februar 1887) var ein norsk offiser og stortingsmann frå Vik i Sogn. Sorenskrivar Thomas Fasting var ein brorson.
Christian Frederik Fasting | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 15. oktober 1799 Vik kommune |
Død |
16. februar 1887 (87 år) |
Yrke | offiser, politikar |
Fasting var son til ein oberstløytnant. Han var sjølv offiser i militæret frå 1820, premierløytnant 1829 og kaptein 1842 i bergenske brigade, budde då garden sin i Vik. Sidan var han oberstløytnant og sjef for trondhjemske brigade frå 1847 og til sist krigskommissær 1860-85 i Tønsberg distrikt, busett i Kristiania. Både i 1854, 1866 og 1876 var han medlem av kongelege kommisjonar om høvesvis utskifting og «utskrivingsvæsen».
Fasting var frå 1837 den fyrste ordføraren i Vik herad. Både i 1845, 1848 og 1851 møtte han på Stortinget som ein av representantane frå Nordre Bergenhus amt. I 1845 var han medlem og 1848 sekretær i Militærkomiteen, medan han i 1851 var medlem i Militærkomite nr 2.
Fasting døydde ugift i Kristiania, 87 år gammal.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914