Vik kommune

kommune i Vestland fylke i Noreg

Koordinatar: 61°5′N 6°34′E

Vik kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Vestland
Adm.senter Vikøyri
Areal 833 km²
 - land 798 km²
 - vatn 35 km²
Folketal 2 551  (1. januar 2024)
Målform Nynorsk
Ordførar Roy Egil Stadheim (Ap)
Kommunenr. 4639
Kart
Vik kommune
61°3′25″ N 6°34′41″ E
Wikimedia Commons: Vik
Nettstad: www.vik.kommune.no

Vik er ein kommune i Vestland fylke. Han ligg midtvegs inne og på sørsida av Sognefjorden, og grensar i aust til Aurland kommune, i sør til Voss kommune og Vaksdal kommune, og i vest til Modalen kommune og Høyanger kommune. På den andre sida av fjorden ligg Balestrand, Leikanger, Sogndal og Lærdal.

Kommunesenteret Vikøyri. På høgre side ute i fjorden ser ein spissen av Vangsnes stikke fram. Leikanger på andre sida av fjorden.

Kommunesoge endre

Vik kommune består i dag av Arnafjord og strendene, Vangsnes, Feios og Fresvik i tillegg til Vik sentrum.

Vik kommune vart oppretta som Vik formannskapsdistrikt i 1837. Kommunen femnde då Kvamsøy sokn på nordsida av Sognefjorden og på sørsida av fjorden frå grensa til Vangsnes sokn i aust til grensa mot Kyrkjebø sokn i vest. I 1964 vart Vangsnes sokn overført til Vik kommune frå Balestrand, og Kvamsøy sokn vart overført til Balestrand kommune frå Vik, samstundes vart garden Nybø og bruket Nygjerdet overførte frå Vik til den nyoppretta Høyanger kommune. I 1992 vart Feios og Fresvik sokn overførte frå Leikanger til Vik.[1]

Vik prestegjeld og kyrkjesokn endre

Vik er eit kyrkjesokn i Sogn prosti, og til 2004 var Vik også eit prestegjeld. Prestetenesta i Vik vert no leia av prosten i Sogn, og prestegjeldet er nedlagt. Soknekyrkje for Vik er Vik kyrkje frå 1877. Kyrkja erstatta Hove kyrkje og Hopperstad stavkyrkje som soknekyrkje, og dei to sokna Hopperstad og Hove vart då slegne saman til eitt sokn, som fekk namnet Vik.

I tillegg til Vik sokn omfatta Vik prestegjeld òg Arnafjord sokn i vest og Vangsnes, Feios og Fresvik sokn austom hovudsoknet. Prestegjeldet hadde desse kyrkjene: Arnafjord kyrkje frå 1880 i bygda Nese ved Arnafjorden, Vik kyrkje frå 1877 i kommunesenteret, Vangsnes kyrkje frå 1861 på Vangsnes, Feios kyrkje frå 1866 i Feios, og Fresvik kyrkje frå 1881 i Fresvik. I tillegg kjem mellomalderkyrkjene Hopperstad stavkyrkje og Hove kyrkje som er eigde av kvar seg Fortidsminneforeninga og Miljøverndepartementet, og fungerer som museumskyrkjer.

Fram til 1809 høyrde og Kyrkjebø sokn til Vik prestegjeld, og fram til 1964 høyrde Kvamsøy sokn til Vik. Kyrkjebø vart overført til Lavik prestegjeld, og Kvamsøy vart overført til Balestrand prestegjeld. Vangsnes sokn høyrde til Balestrand prestegjeld frå 1849 til 1964. Før det høyrde Vangsnes til Leikanger prestegjeld.[2] Fresvik og Feios sokn høyrde til Leikanger prestegjeld fram til 1. august 1999.

Fotnotar endre

Bakgrunnsstoff endre

Arkiv frå Vik kommune - registrerte i Arkivportalen.no