Christian Heinrich Friedrich Peters
Christian Heinrich Friedrich Peters (19. september 1813–18. juli 1890) var ein tysk-amerikansk astronom og ein tidleg asteroideoppdagar.
Christian Heinrich Friedrich Peters | |||
| |||
Fødd | 19. september 1813 Koldenbüttel | ||
---|---|---|---|
Død | 18. juli 1890 Clinton | ||
Nasjonalitet | Kongeriket Danmark, Kongedømet Preussen, USA | ||
Område | astronomi | ||
Yrke | astronom, universitetslærar, fysikar | ||
Institusjonar | Litchfield-observatoriet | ||
Alma mater | Humboldt-Universität zu Berlin | ||
Medlem | American Academy of Arts and Sciences National Academy of Sciences |
Christian vart fødd i Schleswig-Holstein, då del av Danmark, men seinare del av Tyskland, og studerte seinare under Carl Friedrich Gauss.
Han arbeidde ved Hamilton College i Clinton i New York og var ein driven asteroideoppdagar som i alt oppdaga 48. Den første asteroideoppdaginga hans var av 72 Feronia i 1861 medan den siste var av 287 Nephthys i 1889.
Bortsett frå asteroidar, oppdaga han òg den periodiske kometen 80P/Peters-Hartley og diverse stjernetåker og galaksar.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Christian Heinrich Friedrich Peters» frå Wikipedia på engelsk, den 13. januar 2008.