Christian Kastrup

amtmann og stortingsrepresentant

Christian Ulrik Kastrup (17846. september 1850) var ein norsk offiser, embetsmann og stortingsmann.

Christian Kastrup
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1784
Stavanger kommune
Død

6. september 1850 (66 år)
Inderøy kommune

Yrke politikar
Språk norsk

Kastrup vart fødd i Stavanger, der faren hans var fut. Sjølv vart han 1808 fenrik i 1. trondhjemske infanteriregiment. Same året tok han juridisk eksamen i morsmålet. I 1811 tok han avskjed med militærtenesta. Han vart då regimentkvartermeister og auditørVardøhus festning. To år etter, 1813, vart han også tollkontrollør i Vardø. År 1814 tok han avskjed med desse embeta. Han vart i 1817 utnemnd til fut i Nordhordland og Voss. 1828-29 var Kastrup amtmann i Finnmark, deretter 1829-33 i Stavanger amt. Lengste tida som amtmann var han i Nordre Bergenhus, 1833-44.

Kastrup representerte Søndre Bergenhus amtStortinget i 1821, 1822 og 1824. I 1821 var han visesekretær i Odelstinget. Han var då medlem av elleve komitear, formann i ein og sekretær i åtte. Formann var han for komiteen om sagbruksprivilegiar. Både i 1822 og 1824 var han visesekretær i Stortinget. Han var i 1824 sekretær i komiteen om veglova og i komiteen om stiftslikninga i Bergens stift.

Kastrup døydde i Inderøy i 1850.

Kjelder endre