Christian Platou

norsk politikar

Christian Emil Stoud Platou (18. april 186128. juli 1923) var ein norsk jurist og jarnbanemann frå Hamar. Han var generaldirektør i Norges Statsbaner 1912–1919 og stortingsmann for partiet Høgre 1922–1923.

Christian Platou
Fødd18. april 1861
Hamar kommune
Død28. juli 1923 (62 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar
InstitusjonarNoregs Statsbanar
Alle verv

Karriere

endre

Platou vart cand.jur. i 1884 og arbeidde deretter i to år som notarius i Mandal. Etterpå var han tilsett i Norges Statsbaner (NSB), fyrste åra som sekretær, sidan som assisterande trafikkdirektør. Han var trafikkdirektør frå 1907 og overstyrar for Hovedbanen mellom 1910 og 1912. Til sist fungerte han som generaldirektør for NSB i åra fram til mars 1919.

Frå 1919 var Platou president i det nydanna Norges Industriforbund til han døydde brått på Rena. Han var attåt styremedlem i O. Mustad & Søn, Schous Bryggeri og Christiania Sparebank. Hausten 1921 vart han vald til stortingsmann, på Stortinget representerte han valkrinsen Kristiania og partiet Høgre. På Tinget var han medlem i Jarnbanekomiteen.

Kjelder

endre