Christine Kangaloo

Christine Carla Kangaloo (fødd 1. desember 1961[1]) er ein trinidadisk politikar som har vore president av Trinidad og Tobago sidan 20. mars 2023. Ho er den andre kvinnelege presidenten i landet. Ho var frå 2015 senatspresident til ho gjekk av i 2023 for å stille som presidentkandidat. Ho representerer sentrum-venstrepartiet People's National Movement. Sidan ho fyrste gongen blei vald inn i senatet i 2001 har ho også hatt fleire ministerpostar.[2][3]

Christine Kangaloo

Fødd1. desember 1961 (62 år)
San Fernando
Statsborgar avTrinidad og Tobago
Yrkepolitikar
Utdanna vedUniversity of the West Indies
Alle verv
  • Member of the Senate of Trinidad and Tobago (2015–2023)
  • President of the Senate of Trinidad and Tobago (2015–2023) Sjå dette på Wikidata

Karriere

endre

Kangaloo har juridisk utdanning med bachelorgrad frå University of the West Indies og frå Hugh Wooding Law School.

Kangaloo blei vald inn i senatet fyrste gong i 2001. Frå 2002 til 2005 arbeidde ho ved statsministerens kontor, og frå 2005 til 2007 var ho justisminister.[4][5] Ved valet i 2007 blei ho innvald i Representanthuset (parlamentet i Trinidad og Tobago består av to kammer, Representanthuset og Senatet).[6][7]

I 2015 fekk Kangaloo sete i Senatet og blei vald til senatspresident 23. september same år. I 2023 sa ho frå seg dette vervet for å stille som presidentkandidat. Presidenten av Trinidad og Tobago blir vald av eit valkollegium beståande av alle medlemmane i Representanthuset og Senatet. Kangaloo blei 20. januar 2023 vald med 48 røyster, mens motkandidaten Israel Raja-Khan fekk 22 røyster.[8]

Kjelder

endre
  1. Taitt, Ria (7. januar 2023). «FROM RED HOUSE TO PRESIDENT'S HOUSE». Trinidad Express Newspapers. 
  2. «Trinidad and Tobago Parliament». Trinidad and Tobago Parliament. Arkivert frå originalen 1. april 2018. Henta 11. oktober 2023. 
  3. «More places for T&T law students at St Augustine campus». Trinidad and Tobago Guardian. 
  4. «The Trinidad Guardian -Online Edition Ver 2.0». Trinidad and Tobago Guardian. Arkivert frå originalen 17. juli 2020. Henta 11. oktober 2023. 
  5. «The Trinidad Guardian -Online Edition Ver 2.0». Trinidad and Tobago Guardian. Arkivert frå originalen 15. juli 2020. Henta 11. oktober 2023. 
  6. «?PM: Two elections coming this year». Trinidad and Tobago Guardian. 
  7. «Battle over Marabella sports ground». Trinidad and Tobago Newsdday. 5. mars 2008. 
  8. «Electoral College elects Christine Kangaloo as T&T's seventh President | Loop Trinidad & Tobago». 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Christine Kangaloo