Ciarforon er ein 3 642 meter over havet høg fjelltopp i Graji-Alpane, på grensa mellom provinsane Aostadalen og Torino i Italia. Fjelltoppen, som på avstand er lett å kjenne grunna sin store snøkuppel, høyrer til Gran Paradiso-massivet.

Ciarforon
fjell
Ciarforon sett frå nord
Land  Italia
Fjellkjede Graji-Alpane
Høgd 3 642 moh.
Førstestiging F. Vallino og A. Blanchetti, 25. august 1871
Koordinatar 45°29′40″N 7°14′48″E / 45.49444°N 7.24667°E / 45.49444; 7.24667
Kart
Ciarforon
45°29′00″N 7°14′48″E / 45.48333°N 7.24667°E / 45.48333; 7.24667
Wikimedia Commons: Ciarforon

Rundt toppen av Ciarforon breier isbreane Moncorvè (nord), Ciamousseretto (aust), Breuil (sør) og Monciair (vest) seg. Aust for Ciarforon reiser fjelltoppen La Tresenta (3 609 moh) seg, i vest fjelltoppen Becca di Monciair (3 544 moh).

Dei fleste toppturane på Ciarforon byrjar frå fjellhytta Rifugio Vittorio Emanuele (2 750 moh).

I 1871 var italienarane F. Vallino og A. Blanchetti dei fyrste menneska på toppen av Ciarforon.

Kjelder endre