Ein isbre, eller jøkul, er ein fleirårig masse av snø og is som hovudsakleg ligg på land, og som er i rørsle. Brear kan skildrast som elvar av is: Dei tek til på land og blir dregne mot havet av tyngdekrafta. Ein isbre blir danna ved at det fell meir snø på ein stad enn det smeltar fleire år på rad.

Engabreen, ein utløpar frå Svartisen i Nordland.
Foto: Guttorm Raknes
Satellittbilde av isbrear og bresjøar i Bhutan.
Foto: NASA

Glasiologi er læra om isbrear. Breane er kraftfulle fenomen som tærer på fjell og kan grava ut dalar, fjordar og innsjøar. Isbrear som rekk ut i havet før dei smelter kalvar ofte svære isfjell. Brear fraktar òg med seg stein og grus som kan bli liggjande igjen i forskjellige avsetjingar, til dømes i ein morene.

Isbre

Utbreiing endre

I dag er 15 millionar kvadratkilometer landjord dekt av isbrear. Dette er om lag 10 % av landareala på jorda, og 75 % av ferskvatnet. Det er isbrear på alle kontinenta utanom Oseania. Den største isbreen på det europeiske fastlandet er Jostedalsbreen (487 km²), medan Austfonna (8 200 km²) på Svalbard er størst i Europa.

I Noreg er det i dag om lag 1 600 isbrear. Desse blei danna under bronsealderen for 2 500 år sidan. På verdsbasis er det om lag 80 000 isbrear, men dette talet går nedover på grunn av global oppvarming.

Oppbygging endre

 
Dei ulike delane av ein isbre: Næreområdet, der det kjem meir is enn det smeltar, er myrkt på figuren, medan tæreområdet, der det smeltar meir enn kjem til, er ljost. Jamvektslina markerer skiljet.

Ein bre er delt opp i to soner: næreområdet (akkumulasjonsområdet), der det kjem meir nedbør enn det smelter, og tæreområdet (ablasjonsområdet), der smeltinga er større enn nedbøren. Grensa mellom dei to sonene er jamvektslina, der det smelter like mykje som vert avsett. Kor grensa går, kjem an på kor mykje nedbør som kjem, og kor mykje som smelter, og varierer difor frå år til år. Den gjennomsnittlege jamvektslina over 30 år (ein klimanormal) gjev ei klimatisk jamvektsline, som er mykje meir stabil enn enkeltårsmålingar. Skilnaden mellom næring og tæring, er kjend som massebalansen til isbreen, eller brebudsjettet.

Den klimatiske jamvektslina varierer med klima - nedbør, temperatur og kva tid nedbøren kjem. Med meir nedbør og kaldare sumartemperaturar vil jamvektslina lægjast. I Noreg vert jamvektslina lægre di nærare kysten breen ligg, og di lenger nord han ligg: på Ålfotbreen ligg jamvektslina om lag 1200 meter over havet, medan han er på lag 2000 meter kring Galdhøpiggen. På Antarktis er jamvektslina på havnivå, medan han i Afrika er over 5100 meter over havet.

Breen veks ved at det kjem snø på overflata. Etter kvart som det vert sett av meir snø på toppen av gamal snø, vil den gamle snøen få større eigenvekt, og verta firn og sidan breis. Firn er 0,55 - 0,82 g/cm³, medan breis er frå 0,84 g/cm³ og opp mot 0,917 g/cm³, eigenvekta til rein is. Grunna luftboblar i isen, vert breis sjeldan og aldri so tung som 0,917 g/cm³. På isbrear som smeltar noko om sumrane vil overgangen frå nysnø til breis gå snøggare enn på kaldare isbrear. På Nigardsbreen vert snøen til firn på ein sumar, og firnet vert til breis på 5 - 10 år. På Nordgrønland er det mykje mindre smeltevatn, og overgangen frå firn til is kan taka over 100 år.

Breen krympar ved at snø og is smeltar. Det kan skje ved solstråling, varmeleiing, kondens av damp eller ved regn. Varmeleiinga kan smelta is både frå lufta og frå underlaget. For at det skal smelta mykje ved varmeleiing frå lufta, må det vera vind, ellers vil det dana seg eit tunt, isolerande luftlag på 0 °C rett over isoverflata. Skal det smelta langs botnen, må det koma nok varme frå underlaget og frå friksjon mellom isen og underlaget til at temperaturen overstiger trykksmeltepunktet. Ved høgare trykk, det vil seia meir is ovan, vil smeltepunktet til vatn søkka: Smeltepunktet søkk med 0,0075 °C per atmosfære trykk.

Temperaturen i isbrear endre

Kor kald ein isbre er har mykje å seia for korleis han ter seg. Det er temperaturen på topp og botn som er viktigast, og isbrear vert klassifisert etter om dei er botnkalde, botnvarme, toppkalde eller toppvarme. Ein kald bre vil vera kaldare enn trykksmeltepunktet, medan ein varm bre vil vera på trykksmeltepunktet.

Ein kald, eller polar bre er kald rett i gjennom. Temperaturen på toppen kan variera gjennom året, men ellers vil breen vera kring like kald som årsmiddeltemperaturen. Sidan han er botnkald, vil han vera frosen fast i underlaget, og røra seg mindre enn varmare brear. Polare brear krymper ofte berre om dei kalvar. Store delar av isskjolda på Antarktis og Grønland er polare.

Ein varm, eller temperert bre, er på trykksmeltepunktet rett i gjennom. Topplaga kan vera kalde om vinteren, men må varma seg opp til 0 °C gjennom sumaren. Sidan han er varm, kjem det mykje smeltevatn or han, og dette vatnet hjelper breen å gli snøggare enn ein kald bre. Smeltevatnet er òg med på å få snøen til søkkja saman, og verta firn og is berre over sumaren. Dei norske isbreane

Ein subpolar bre vil vera kald på toppen, men botnvarm. Dette er av di han er tjukk nok til å lægja trykksmeltepunktet ned til istemperaturen på botnen. Dei fleste isbreane på Svalbard er slike, og det er òg slike på store delar av Grønnland og i den antarktiske innlandsisen.

Rørsle i isbrear endre

 
Slutten på den grønlandske innlandsisen.

Isen i ein isbre vil siga med tyngdekrafta frå høgre til lægre område. Området kan vera høgt grunna terrenget under, eller av di det er sett av meir is der enn i kring. Di tjukkare isen er, di viktigare vil isen vera for kvar han sig og kor snøggt. Motsett er terrenget svært viktig i korleis tunne brear sig. Utan denne rørsla vil det ikkje vera ein isbre. Rørsla kjem ved at isen sig inne i breen, og ved at brebotnen glid over underlaget.

Isen vil glida snøggare ved meir helling, og meir midt på breen enn i kantane og på botnen. På kant og botn vil friksjonen stagga breen, slik at han glid seinare. Sume stader vil isen siga seint frå nære- til tæreområdet, slik at tæreområdet vert tunna ut og det samlar seg over lang tid eit overskot i næreområdet. Denne kan på kort tid, gjerne berre eit år eller tre, byksa fram i ei brebylgje der overskotet vert overført frå næreområdet til tæreområdet. Isrørsla i brebylgja er i hovudsak gliding langs brebotnen, og fenomenet ser ut til å vera vanlegast i subpolare brear.

Er det mykje isrørsle i ein bre, vert han kalla dynamisk. Dersom breen ikkje flyttar so mykje is lenger, er han dynamisk daud. Dette hender i svært kalde brear, og brear som er vortne tunne. Dei siste isrestane etter ei nedsmelting er ofte dynamisk daude. Dynamiske brear vil påverka omgjevnadane sine mykje, medan dynamisk daude brear berre vil setja av materiale rett under seg.

Morfologiske bretypar endre

 
Nigardsbreen er ein dalbre i Luster. Han nærer seg frå Jostedalsbreen

Botnbre endre

Ein botnbre ligg i ei skålforma senking i ei fjellside, ein dalbotn, erodert ut av breen sjølv. Dette er den vanlegaste bretypen, og det er rekna med at desse er dei fyrste som vert dana når ei istid tek til. Skauthøbreen i Jotunheimen er ein botnbre.

Platåbre endre

Ein platåbre eller kåpebre er ein stor isbre som ligg oppå eit fjellplatå. Ein slik bre er ofte sett saman av mange mindre brear som har smelta saman. Breen har ofte utstrøymande brear, som tek is frå plåtabreen og ut mot lægre område. Desse utlaupsbreane er sterkt eroderande, men sjølve platåbreen ligg still på underlaget og eroderer difor lite. På den vestlandske sida av den paleiske overflata ligg det nokre store platåbrear, som Jostedalsbreen og Folgefonni. VatnajökullIsland er òg ein platåbre.

Dalbre endre

Ein dalbre slynger seg frå eit tydeleg næreområde nedover ein dal, gjerne som ein utlaupsbre frå ein platåbre. Næreområdet kan òg vera botnbrear. Dei kan vera sterkt eroderande, og lagar alpine landskap. Det er ein vanleg bretype både i Noreg, Alaska, Alpane og Himalaya. Engabreen i Svartisen er eit døme på ein slik bre.

Dersom dalbreen kjem ut på flatmark, kan han spreia seg i ei vifte og dana ein fjellfotbre eller piedmontbre.

Spitsbergenbre endre

Brear av Spitsbergentypen er større, samanhengande breområde med oppstikkande fjellryggar. Breformen er sterkt avhengig av terrengformene under. Som namnet syner til er bretypen vanleg på Svalbard.

Innlandsis endre

Innlandsis eller isskjold er den største typen bre. I lengre periodar med mykje kulde kan ein platåbre veksa seg stor, slik at han dekkjer store overflater. Enkelte fjelltopper kan likevel raga opp av innlandsisen, kalla nunatakkar. Antarktis og Grønland har begge innlandsis i dag, og under istidene i kvartær var det store isskjold over Skandinavia og Nordamerika.

Sokkelis endre

Ein sokkelis er det flytande framhaldet av ein innlandsis der isen møter på store, grunne havbukter. Han får tilført is frå innlandsisen, og nedbør, og smeltar i kontakt med havvatnet. Breen kan kalva opp, og sleppa store isfjell ut i havområda kring. I dag finn me sokkelis mest kring Antarktis.

Glasiale landformer endre

 
Endemorenar som halvsirklar i Valle del Silencio i Chile.

Ein isbre skurar landet han fer over, eroderer vekk fjell og lausmassar for å setja det av andre stader. Nokre lausmassar set isen av sjølv, medan andre vert frakta med smeltevatnet. Der det før var ein tjukk isbre som no er forsvunne, vil det vera postglasial landheving.

Dersom mykje vatn er bunde i isbrear, som under ein istid, vil endringane i havnivå påverka landformer i heile verda.

Morene endre

Morenejord er den jorda det er mest av i Noreg. Ho er sett saman av materiale som har frose fast i isbreen, og sidan smelta ut utan særleg transport i flytande vatn. Det fastfrosne materialet kan anten vera tidlegare lausmassar eller nyerodert materiale. Di lenger materialet transporterast i isbreen, di meir vil det slipa seg mot anna materiale og mot underlaget. Dette fører til runda kantar.

Det er fleire ulike sortar morenar. Botnmorenar er sett av under isbreen, og hardpakka av isen over. Store delar av Noreg er dekt av botnmorenar, men desse er ofte tunne, sjeldan meir enn 5 meter djupe. Dette er lite samanlikna med andre europeiske land som vart isdekte under siste istid. Brorparten av dei norske skogane veks på botnmorenar.

Utsmeltingsmorenar eller daud-is-morenar vert dana når ein dynamisk daud is smeltar. Isbreen transporterar ikkje lenger materiale, so det dett berre ned etter kvart som breen smeltar vekk under materialet. Dette fører til ein laust pakka morene. Smeltevatnet når breen smeltar ber vekk mykje finstoff, og utsmeltingsmorenane er difor gjerne grove.

Endemorenar er sett av framfor brekanten, der breen har stått stille ei tid. Is har kome til frå breen, berande materiale, og smelta på randen. Avsetjinga vert ein morenerygg, som ofte inneheld både område med morene- og breelvavsetjingar.

I område med tjukke moreneavsetjingar, kan isen dana drumlinar. Det er ikkje klårt korleis dette skjer. Drumlinar er små kvalforma åsar som peikar i same retning som isrørsla gjorde. Dei har ei bratt side opp på bresida, og slakare ned på utsida. Finnmarksvidda har mange drumlinar.

Breelvmateriale endre

 
Skreidarásandur på Island er sand erodert av Vatnajøkull, og frakta dit med breelvane

Breelvane er ofte store elvar som ber mykje erodert materiale. Dette materialet vil hjelpa vatnet erodera omgjevnadane sine medan det vert transportert i elva, og vil verta sett av når elva renn for sakte til å bera det lenger. Kor store steinar elva kan bera med seg, avhenger av kor stor og kraftig elva er. For store steinar fell fort ut, medan mindre vert båre vidare. Dette fører til at elveavsetjingar er godt sorterte - dei fleste materialkorna er jamstore.

Breelverosjonen fører til landformer som gjel (til dømes Helvete) og jettegryter, og kan ofte kjennast ved tydeleg vass-erosjon frå ei stor elv ein stad det i dag er berre ein liten eller ingen bekk.

Eskerar er rullesteinsåsar sett av i smeltevasstunneler inne i breen eller i smeltevasslaup på toppen. Dei vert berre sett av om vatnet renn sakte nok til ikkje bera materialet med seg vidare. Dei kan vera samanhengande eller ikkje, og kan vera frå nokre få meter til hundretals kilometer lange. Dei lengre eskerane er i regelen høgare og breiare enn dei mindre.

Finstoff endre

Der ei breelv berande mykje fint materiale kjem ut i stille vatn, vil finmaterialet over tid sedimentera. Siltjorda og dei marine leirene i Noreg er breerodert finmaterialet.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Isbre