Cirrocumulus
Cirrocumulusskyer
Cirrocumulusskyer
Høgd 6000-12000 m
Utsjånad Små, kvite skydottar.
Nedbørsky? Nei
Forkorting Cc

Cirrocumulus skyer eller makrellskyer er horisontale skyer som er danna i høge nivå, og dei oppstår i ei høgd mellom 6000 og 12000 m. Skyene består av tynne, kvite skydottar som alle er danna av små iskrystallar, som alle skyer i høge nivå. Skyene oppstår når cirrus eller cirrostratus blir varma opp frå undersida. Denne oppvarmingsprosessen fører til at luft stig og søkk inne i skya. Vanlegvis har ikkje desse skyene stor tydning for vêret, men visst dei aukar i mengde kan det tyde på at ein vêrfront nærmar seg.

Av og til kan det oppstå små krusingar i cirrocumulusskyene som då vert kalla cirrocumulus undulatus. Desse kruningane oppstår på grunn av atmosfæriske bølgjer som fører til vindskjer. Undulatus kan dannast i fleire typar skyer, som altocumulus undulatus, men for cirrocumulus undulatus har strukturen finare mønster. Dette kjem delvis av at bølgjene i desse høgdene ofte har mindre bølgjelengde enn i lågare høgder, samtidig som avstanden opp til skyene får mønsteret til å sjå mindre ut.

Cirrocumulus og altocumulus liknar ofte kvarandre, men cirrocumulus blir danna av cirrusskyer i større høgder enn altocumulusskyer. Derfor ser dei små skydottane i ei cirrocumulus sky mindre ut, og skyene kastar heller ikkje skugge. Av og til kan desse skyene danne haloar og fargespel når dei oppstår under sløraktige cirrusskyer.

Bilete endre

Bakgrunnsstoff endre