Opna hovudmenyen

Claus Christian Olrog

Norsk tollar og politikar

Claus Christian Olrog (22. desember 180724. mai 1885) var ein norsk byråkrat og tollar frå Kristiansand som representerte byen på Stortinget i tre periodar i tida 1859-69.

Claus Christian Olrog
Fødd 22. desember 1807
Død

24. mai 1885

Olrog var son til ein skipsmålar. Etter han vart student i 1825 utdanna han seg til cand.jur. ved universitetet i Christiania i 1830. Han arbeidde i Finansdepartementet frå 1831, fyrst som kopist, sidan fullmektig og deretter byråsjef frå 1838 og ekspedisjonssekretær frå 1842. I 1847 fekk han stillinga som tollinspektør i Kristiansund, før han same jobben i heimbyen Kristiansand i 1852.

Olrog var medlem av bystyret i Kristiansand i tida 1853-80. Han var stortingsmann frå Kristiansand i 1859-60, 1862-63, 1868-69 og på Omframtstortinget 1864. Også til Stortinget 1865-66 vart han vald til å representere valkrinsen, men sa frå seg valet. På Stortinget var han alle sesjonane formann i Tollkomiteen. Olrog var elles medlem i Tollkommisjonen av 1839 og kommisjonen om skipsmålingar frå 1867.

KjelderEndra