Christiania

tidlegare namn på Oslo
For området i København, sjå fristaden Christiania.

Christiania eller Kristiania var namnet på byen Oslo frå 1624, då busetnaden etter ein bybrann blei flytta til andre sida av Bjørvika i ly av Akershus festning. Det var Christian IV av Danmark-Noreg som flytta byen, og kalla han opp etter seg sjølv. I 1924 vart namnet på byen endra til «Oslo».[1]

Namnet blei skrive «Christiania» fram til slutten av 1800-talet, då den fornorska stavingsforma «Kristiania» slo gjennom. Frå 1877 blei namnet skrive «Kristiania» i matrikkel og statskalender, og frå 1897 også av dei kommunale etatane i byen.[1]

Christiania kunne bli forkorta til «Xania» eller «Chra.».

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Christiania – Oslo». Store norske leksikon (på norsk). 14. desember 2018.