Opna hovudmenyen

The Clements Checklist of Birds of the World

(Omdirigert frå Clementslista)

The Clements Checklist of Birds of the World er ei bok som lister opp fugleartane i verda, opphavleg autorisert av Jim Clements. Ho er brukt som ein av fleire autoritative referansar innan taksonomi av fuglar. Boka vert gjeve ut av Cornell University Press og finst i ei sjette utgåve frå 2007. Eldre utgåver kom ut på Ibis Publishing.

Eit føremål med boka har vore å gje fagfolk og lekfolk høve til å følgje med på skiftingane i lista over anerkjende fugleartar i verda og plasseringa i taksonomien. Cornell Lab of Ornithology har gjeve årlege oppdateringar sidan då, vanlegvis i august, og den nyaste versjonen er tilgjengeleg online i fleire format.[1] Desse oppdateringane gjenspeglar dei pågåande endringane i fugletaksonomi basert på publisert forsking.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra