Gabrielle «Coco» Bonheur Chanel (19. august 188310. januar 1971)[1] var ein fransk moteskapar som grunnla motehuset Chanel. Ho er mest kjend som skaparen av kjolen «den vesle svarte» og parfymen Chanel No. 5.[2] Chanel vart kåra av magasinet Time til ei av dei hundre viktigaste og innverknadsrike personlegdomane frå 1900-talet, som den einaste moteskaparen.[3] I 2008 vart det produsert tre filmar og ein tv-serie om henne.

Coco Chanel

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 19. august 1883
Saumur
Død

10. januar 1971 (87 år)
Hôtel Ritz Paris

Yrke motedesigner, tekstildesigner, bedriftsleiar, Modist, fransk motehusdesigner, kostymedesignar
Språk fransk
Far Albert Chanel
Mor Jeanne Devolle
Ektefelle ingen verdi
Partnar Étienne Balsan, Hans Günther von Dincklage, Boy Capel, Dmitri Pawlowitsch Romanow
Nettstad https://chanel.com
Coco Chanel på Commons
Chanels hovudkvarter ved Place Vendôme i Paris.
CHANEL N°5, den klassiske parfymen frå Chanel.

Biografi endre

Chanel sjølv sa ho var fødd i 1883 i Auvergne, men ho vart eigentleg fødd i Saumur, i fattighuset mora hennar arbeidde i. Mora døydde då Gabrielle berre var elleve år gammal.[4] Som ung prøvde ho seg som kabaretsongar i Paris. Gjennom å sy kostyme til kollegaene ved kabaretteateret utvikla Chanel seg både som syar og designar.

Ho arbeidde som sjukepleiar i ein kort periode under første verdskrigen.[treng kjelde]

I 1939 då andre verdskrigen braut ut stengde Chanel verksemda si. Chanel sitt forhold med ein tysk offiser under andre verdskrigen resulterte i søkkande popularitet og eksil i Sveits.[5][6] Chanel vende ikkje tilbake til motebransjen før 1954.[2]

Coco Chanel gifta seg aldri, og fekk heller ingen barn. Ho hadde likevel ein fargerik vennekrins, deriblant Pablo Picasso, Misia Sert, Sergej Djagilev, Igor Stravinsky, Jean Cocteau, Jean Renoir og Luchino Visconti.[7]

Kjenneteikn endre

Coco Chanel introduserte signaturcardiganen sin i 1925 og «den vesle svarte» året etter. Mesteparten av designet hennar forandra seg lite frå år til år og frå generasjon til generasjon. Typisk for Coco Chanel og designet hennar er fargane svart, kvitt og beige. Ho var veldig glad i klassiske perler.

Kjelder endre

  1. Editors, Biography com, «Coco Chanel», Biography (på engelsk), henta 11. november 2021 
  2. 2,0 2,1 «Coco Chanel» (på engelsk). Encyclopedia Britannica. Henta 12. november 2023. 
  3. Horton, Ros; Simmons, Sally (2007). Women Who Changed the World. Quercus. s. 103. ISBN 978-1847240262. Henta 8. mars 2011. 
  4. Wilson, Frances (1. oktober 2010). «Coco Chanel: The Legend and the Life by Justine Picardie: review». The Telegraph. Henta 20. mai 2015. 
  5. Kloth, Hans Michael; Kolbe, Corina (26. august 2008). «Modelegende Chanel». Der Spiegel (på tysk). ISSN 2195-1349. 
  6. Doerries, Reinhard (1. oktober 2009), Hitler's Intelligence Chief: Walter Schellenberg (på engelsk), Enigma Books, ISBN 978-1-936274-13-0, henta 11. november 2021 
  7. «Coco Chanel» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Coco Chanel