Coedty-reservoaret
Coedty-reservoaret er eit reservoar i Snowdonia i North Wales. Det får vatn frå Afon Porth-llwyd som renn frå Llyn Eigiau. Reservoaret ligg 274 meter over havet og er om lag 4,9 hektar stort. Det er brunaure i innsjøen.
Coedty-reservoaret | |||
innsjø | |||
Reservoaret og dammen
| |||
Land | Storbritannia | ||
---|---|---|---|
Innsjøtype | Reservoar | ||
Tilsig | Afon Porth-llwyd | ||
Høgd over havet | 274 moh. | ||
Areal | 0,049 km² | ||
Koordinatar | 53°10′56″N 3°51′53″W / 53.18222°N 3.86472°W | ||
Coedty-reservoaret 53°10′56″N 3°51′53″W / 53.18222222°N 3.86472222°W | |||
Wikimedia Commons: Llyn Coedty |
Den originale dammen vart bygd i 1924 som ein del av vasskraftforsyinga til aluminiumsverket i Dolgarrog. I 1925 brast Eigiau-dammen og flaumvatnet frå denne førte òg til at Coedty-dammen brast. Den påfølgjande flaumen førte til at 17 mista livet i Dolgarrog.
Dammen vart gjenoppbygd i 1926 og endra igjen i 1956. Vatn frå reservoaret vert ført i store metallrøyr til vasskraftverket i Dolgarrog.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Coedty-reservoaret» frå Wikipedia på engelsk, den 4. september 2010.