Vassreservoar

innsjø, kunstig eller naturleg, for lagring av vatn, og der vasstanden kan regulerast med ein eller fleire demningar og/eller tappetunnelar

Vassmagasin[1] eller vassreservoar vert oftast nytta om ein kunstig innsjø som vert nytta til å lagre vatn for ymse bruk. Reservoar vert danna ved å byggje ei robust demning, vanlegvis av betong, jord, stein, eller ei blanding. Når demninga er ferdig fyller ei elv opp reservoaret.

Jung Hua-demninga på Da Han-elva i Taoyuan i Taiwan

Bruk endre

Eit reservoar kan nyttast av vasskraftverk for å generere straum ved hjelp av store vassturbinar som virkar ved at vatnet strøymer gjennom røyr frå vassmagasinet til turbinen. Slike reservoar vert vanlegvis ikkje nytta for drikkevatn eller kunstig vatning.

Reservoar kan nyttast på mange måtar for å kontrollere korleis vatnet strøymer vidare nedover vassvegane. Reservoar som vert nytta til kunstig vatning vert sleppe ut i eit nettverk av kanalar til jordbruksområde eller sekundære vassystem. Dette vatnet vert heller ikkje vanlegvis nytta til drikkevatn. Nokre reservoar vert kalla balansereservoar som vert nytta for å hindre flaum nedanfor reservoaret. Reservoaret samlar opp vatn i periodar då det regnar mykje og slepp vatnet ut att i løpet av lengre tidsrom enn om vatnet hadde fått strøyme fritt.

Eit reservoar kan òg byggjast i området der ein ikkje har naturlege vasskjelder som kan gjerast om til ein kanal. Reservoaret fungerer då som ein vassveg.

Størst endre

Voltasjøen vest i Afrika dekkjer eit areal på 8 500 km² og er den største i verda. Lokka i kommunen Sodankylä nord i Finland er den største kunstige innsjøen i Nord-Europa med eit areal på 417 km². IJsselmeer er den største kunstige innsjøen i Vest-Europa med eit areal på 1 250 km².

Overflateareal endre

Dei ti største reservoara i verda ut frå overflateareal:

  1. Voltasjøen (8 482 km²; Ghana)
  2. Smallwood-reservoaret (6 527 km²; Canada)
  3. Kujbysjev-reservoaret (6 450 km²; Russland)
  4. Karibasjøen (5 580 km²; Zimbabwe, Zambia)
  5. Bukhtarma-reservoaret (5 490 km²; Kasakhstan)
  6. Bratsk-reservoaret (5 426 km²; Russland)
  7. Nassersjøen (5 248 km²; Egypt, Sudan)
  8. Rybinsk-reservoaret (4 580 km²; Russland)
  9. Caniapiscau-reservoaret (4 318 km²; Canada)
  10. Gurisjøen (4 250 km²; Venezuela)

Kjelder endre

  1. Åge Andre Breivik; Oddleif Løset (17. september 2012). «Norske vassmagasin er rekordfulle». NRK Sogn og Fjordane.