Coimbatore, òg kjend som Kovai er den nest største byen i den indiske delstaten Tamil Nadu. Byen er administrativt sentrum i distriktet Coimbatore og eit viktig sentrum for vevnad og ingeniørvitskap i Sør-India.

Coimbatore
கோயம்புத்தூர
by
Land  India
Stat Tamil Nadu
Areal 246 750 000 km²
Folketal 959 823 (21. juli 2015)[1]
Kart
Coimbatore
11°00′00″N 76°58′00″E / 11°N 76.966666666667°E / 11; 76.966666666667
Wikimedia Commons: Coimbatore
Frå Coimbatore

Coimbatore utgjer ein del av den gamle Kongu Nadu-regionen i Sør-India, der menneske frå byen var dei første som etablerte ein territorial delstat. Byen vart erobra av britane i 1799. Coimbatore by med forstadsområde har ein folkesetnad på 2 millionar innbyggjarar. Innanfor næringslivet vert byen ofte kalla Sør-Indias Manchester.

Byen ligg langs breiddene av Noyyal-elva og ved den austre delen av fjellpasset Palghat Gap. Han er godt kjend for sine mange tekstilfabrikkar, ingeniørselskap, bildelprodusentar, helsefasilitetar, utdanningsinstitusjonar, behageleg vêr, gjestfrie folk og for den lokale dialekten kongutamil (òg kjent som kovaitamil). Faktisk er området rundt Coimbatore blant dei mest industrialiserte i delstaten. Ooty, Coonnor og Valparai ligg i nærleiken av Coimbatore og gjev god utsikt over heile byen, noko som trekkjer mange turistar til byen gjennom heile året.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 http://www.geonames.org/1273865/coimbatore.html.