Cole Channel
Cole Channel er eit sund som går frå nord til sør mellom Wright Peninsula ved Adelaide Island og Wyatt Island i Laubeuffjorden, utanfor Loubet Coast i Antarktis. Det vart namngjeve av UK Antarctic Place-Names Committee i 1984 etter kaptein Maurice John Cole, som var kaptein på skipet til British Antarctic Survey, «Bransfield» frå 1975. Cole tente tidlegare som offiser på «John Biscoe» og RRS «Shackleton» i fleire sesongar mellom 1960 og 1972.
Cole Channel | |||
sund | |||
På dette flyfotoet over ein del av austkysten av Adelaide Island er Cole Channel vatnet ein ser i framgrunnen, føre Sighing Peak.
| |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Graham Land | ||
- koordinatar | 67°22′S 67°50′W / 67.367°S 67.833°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Cole Channel 67°22′00″S 67°50′00″W / 67.3667°S 67.8333°W | |||
Cole Channel vert stundom rekna som ein del av Laubeuffjorden, sidan desse ikkje er tydeleg fråskilde.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Cole Channel» frå Wikipedia på engelsk, den 8. januar 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Cole Channel» (innhald frå Geographic Names Information System).