Cole Peninsula
Cole Peninsula er ei halvøy, 24 km lang frå aust til vest og 13 km brei, mellom Cabinetfjorden og Millfjorden på austkysten av Graham Land, like aust for Thuronyi Bluff og like nord for Den antarktiske polarsirkelen. Halvøya er omgjeve av Larsen isbrem i Weddellhavet.
Cole Peninsula | |||
halvøy | |||
Plasseringa til Foyn Coast på Den antarktiske halvøya.
| |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Ellsworth Land | ||
- koordinatar | 66°50′S 64°0′W / 66.833°S 64.000°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Cole Peninsula 66°50′00″S 64°00′00″W / 66.8333°S 64°W | |||
Halvøya er isdekt utanom fleire klipper som stikk ut frå Mount Hayes. Ho vart oppdaga og fotografert frå lufta i 1940 av medlemmar av East Base frå U.S. Antarctic Service (USAS). I 1947 vart det kartlagd av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) og fotografert frå lufta av Ronne Antarctic Research Expedition (RARE) under Finn Rønne.[1]
Cole Peninsula vart namngjeven av Rønne etter W. Sterling Cole frå New York, medlem av House Naval Affairs Committee, som var med på å sikre støtte frå Kongressen til å få eit skip for Rønne-ekspedisjonen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Cole Peninsula» frå Wikipedia på engelsk, den 6. januar 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: