Colt Cobra kaliber .38 Special er ein liten, kortløpa revolver. Han er lik Colt Detective's Special, men har ei lettare ramme av aluminiumslegering mot stålramma i den andre.

Cobraen har double-action og blir på grunn av det korte løpet kalla ein snubnose. Han kan her vera døme på ei rekkje slike snubbies laga av både Colt, Smith & Wesson og andre produsentar.

Slike våpen er populære blant sivilkledde politifolk og sivile fordi dei er lette å bera skjult, er så pålitelege og har så enkel verkemåte.

Colt Cobra er lika for den lette vekta, det mjuke avtrekket og at han har 6 skot, medan andre små revolverar gjerne berre har 5.

Denne modellen er likevel ikkje lenger i produksjon.

Kjelde endre

Engelskspråkleg wikipedia

  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.