Aluminium
| ||||||||||||||||||||
Generelle eigenskapar | ||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Namn, kjemisk symbol, atomnummer |
Aluminium, Al, 13 | |||||||||||||||||||
Kjemisk serie | Metall | |||||||||||||||||||
Gruppe, periode, blokk | 13, 3, p | |||||||||||||||||||
Tettleik, hardleik | 2700 kg/m3, 2,75 (ikkje SI) | |||||||||||||||||||
Utsjånad | Sølvgrått | |||||||||||||||||||
Atomeigenskapar | ||||||||||||||||||||
Atommasse | 26,981538 u (ikkje SI) | |||||||||||||||||||
Atomradius (berekna) | 125 (118) pm | |||||||||||||||||||
Kovalent radius | 118 pm | |||||||||||||||||||
Ioneradius | 53 pm (ladning: +3) | |||||||||||||||||||
van der Waals radius | (?) pm | |||||||||||||||||||
Elektronkonfigurasjon | [Ne]3s23p1 | |||||||||||||||||||
Elektron per energinivå | 2, 8, 3 | |||||||||||||||||||
Oksidasjonstrinn (oksid) | +3 (amfotært) | |||||||||||||||||||
Krystallstruktur | Kubisk flatesentrert | |||||||||||||||||||
Fysiske eigenskapar | ||||||||||||||||||||
Tilstandsform | Fast stoff | |||||||||||||||||||
Smeltepunkt | 933,47 K (660,32°C) | |||||||||||||||||||
Kokepunkt | 2792 K (2519°C) | |||||||||||||||||||
Molart volum | 10,0 cm3/mol | |||||||||||||||||||
Fordampingsvarme | 293,4 kJ/mol | |||||||||||||||||||
Smeltevarme | 10,79 kJ/mol | |||||||||||||||||||
Damptrykk | 2,42·10-6 Pa ved 933 K | |||||||||||||||||||
Ljodfart | 5100 m/s ved °C | |||||||||||||||||||
Diverse eigenskapar | ||||||||||||||||||||
Elektronegativitet | 1,61 (Paulings skala) | |||||||||||||||||||
Spesifikk varmekapasitet | 900 J/(kg·K) | |||||||||||||||||||
Elektrisk konduktivitet | 37,7 MS/m | |||||||||||||||||||
Termisk konduktivitet | 237 W/(m·K) | |||||||||||||||||||
Ioniseringspotensial | 584 kJ/mol 1823 kJ/mol 2751 kJ/mol 11584 kJ/mol 14837 kJ/mol 18384 kJ/mol 23302 kJ/mol 27465 kJ/mol 31905 kJ/mol 38464 kJ/mol 42661 kJ/mol | |||||||||||||||||||
Mest stabile isotopar | ||||||||||||||||||||
| ||||||||||||||||||||
SI-einingar og STP er brukt unntatt der det er avmerkt |
Aluminium er eit metallisk grunnstoff med sølvfarga glans. I kontakt med luft vert eit tynt oksidasjonslag danna på overflata. Dette hindrar vidare korrosjon. Aluminium veg omtrent ein tredel av stål og kopar. I rein form har aluminium liten styrke. For det meste vert derfor aluminiumlegeringar som er smibare og lette å bearbeide nytta i maskiner og ved støyping. Aluminium har utmerkt korrosjonsmotstand og held lenge. Det er ikkje magnetisk.
Produksjon
endreAluminium er det fjerde vanlegaste grunnstoffet på jorda. Det finst i store mengder i jordskorpa. Likevel ante ingen nokonting om eksistensen av dette grunnstoffet før Humphry Davy oppdaga det på 1800-talet. Dette nye, blanke metallet var lenge uhyre verdifullt; t.d. demonstrerte den franske keisarfamilien rikdomen sin gjennom å byta ut sølvtøyet sitt med bestikk av aluminium. Etterkvart som produksjon av aluminium auka i omfang gjekk prisen fort ned.
Aluminiumoksid framstilt frå bauxitt vert brukt til produksjonen. Amerikanaren Charles Hall og franskmannen Paul Héroult kom i 1886, uavhengig av kvarandre, fram til ein elektrolytisk prosess for framstilling av aluminium. Denne vert kalla Hall-Héroult-prosessen og er framleis i bruk. Kryolitt løyser aluminiumoksid ved ein temperatur som gjer industriell produksjon praktisk mogleg. Aluminiumion vert redusert til aluminiummetall ved katoden.
Prosessen er ikkje problemfri. Særleg utslepp av fluor har vore eit problem. I tillegg kan produksjonen føra til utslepp av svoveldioksid, tjøre, PAH og sot. Nyare teknologi reduserer desse problema. I tillegg er produksjonen energikrevjande.
I Noreg vert aluminium mellom anna produsert i Høyanger, Sunndalsøra, Karmøy, Husnes og Årdal.