Colwell Bay
Colwell Bay er ei bukt vest på Isle of Wight. Ho ligg mellom byane Totland og Yarmouth. Lengst nord i bukta ligg Cliff's End (Fort Albert), punktet på øya som ligg nærast det britiske fastlandet. Her ligg Hurst Castle på enden av ei lang halvøy, berre 1500 meter mot nordvest. Det sørlegaste punktet i bukta er Warden Point.
Colwell Bay har ei populær strand med ei lengd på 3 km. Ho består av sand og grus og her finst fasilitetar som kafear, butikkar og utleige av diverse utstyr.
Eit område på 13,56 hektar har vorte erklært ein geologisk stad av særleg vitskapleg interesse (SSSI). Staden er kjend for geologi frå eosen-tida.[1]
Bakgrunnsstoff
endre- Colwell Bay Arkivert 2008-09-05 ved Wayback Machine.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Colwell Bay» frå Wikipedia på engelsk, den 10. januar 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ What are Maritime Cliffs Arkivert 2006-09-29 ved Wayback Machine., Solent Forum