Opna hovudmenyen
Salle Richelieu, 2017.

Comédie-Française eller Théâtre Français er nasjonalteateret i Frankrike, skipa i 1680 etter initiativ av kong Louis (Ludvig) XIV. Teateret har tre spelestader, som alle ligg i Paris. Dei tre er hovudscena Salle Richelieu i gata rue de Richelieu i nærleiken av Palais Royal, der teateret har hatt tilhald sidan 1799, Théâtre du Vieux-Colombier og Studio-Théâtre.

Den forfattaren som framfor alt vert assosiert med Comédie-Française er Molière, som døydde sju år før la Comédie-Française opna. Frå tid til anna vert teateret kalla la Maison de Molière («Molières hus»), som i og for seg er misvisande, ettersom repertoaret femnar om både klassiske og moderne stykke av ulike forfattarar.

BakgrunnsstoffEndra