Teater er ei kunstform der ein eller fleire skodespelarar opptrer, gjerne sminka og utkledde, for eller saman med eit publikum. Som oftast er ei framsyning nøye fastlagt og innøvd, men skodespelarane kan au improvisere.

Ei teatergruppe på scenen.

Røter endre

 
Mange teater er bygde i gresk stil. Dette er Theater Aachen i byen Aachen i Tyskland, opna i 1825

Den best kjende forma for teater er truleg den der tilskodarane i ein sal ser inn på ein scene der eit dramatikarskrive skodespel blir framført gjennom handling og dialog.

Denne forma har utvikla seg frå gresk teater, som blei framført i amfiteater. Denne mykje elska kunstforma stamma opphavleg frå rituelle framføringar av myter gjennom musikk, ord og handling, ei form for teater ein kan finna i dei fleste kulturar.

Grekarane delte teateret inn i tre sjangrar, komedie, satyrspel og tragedie. Denne læra prega europeisk teaterkunst i lang tid framover, og dei som skreiv skodespel prøvde gjerne å skriva det ein eller det andre.

Utvikling endre

Teater er blitt brukt til underhalding og samfunnskritikk. I vår tid er likevel det reine teateret blitt mindre viktig. Det finst mange nye konkurrentar, både for publikum og dei som ønskjer å ytra seg, til dømes film, fjernsyn og andre media.

Greiner endre

Teateret har ei rekke greiner, frå miming der ein ordlaus skodespelar opptrer for tilskodarane, gjerne utan eller med minimalistisk scenografi, til opera og musikalar som kan vera eit fyrverkeri av musikk, dans, scenografi, lys og tekst.

Former og tradisjonar endre

Teater endre

Sjå au endre

Utøvarar som har sett spor