Commentarii de Bello Gallico

Commentarii de Bello Gallico (Oppteikningar frå gallarkrigane), stundom berre De Bello Gallico, er eit verk på åtte bøker om dei romerske krigane i Gallia mellom 50 fvt og 58 fvt. Dei sju fyrste bøkene er skrivne av Julius Cæsar, den åttande av Aulus Hirtius etter at Cæsar var dåen.

C. Iulii Caesaris quae extant, 1678

Bøkene har vore lovpriste for ei klår, rein latinsk språkføring, og har ofte vore dei første verkelege tekstane latinstudentar har gjeve seg i kast med. Dei er òg verdifulle for skildringane dei gjev av Gallia og gallarar.

Omsetjingar til norsk

endre
  • Gaius Julius Cæsar, Gallarkrigen : fyrste og andre boki; frå latin ved Bjarne Svare, band 8 i serien Klassiske bokverk. Oslo 1925: Det Norske Samlaget.
  • Gaius Julius Cæsar, Gallerkrigen; omsett av Johan Hammond Rosbach. Oslo 2008: Aschehoug i samarbeid med Fondet for Thorleif Dahls kulturbibliotek og Det norske akademi for sprog og litteratur. ISBN 978-82-03-19360-6
      Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.