Commodore 16
Commodore 16 var ein heimedatamaskin som var laga av dataføretaket Commodore i 1984. Den skulle vera ein lågkostnadsmaskin som skulle erstatte datamaskina VIC-20. Texas Instruments, Mattel, og Timex Corporation hadde fått modellar som var billigare enn VIC-20 i pris, så sjølv om Vic-20 tilbaud meir minne og betre utbyggingsmoglegheiter, var det meininga at Commodore 16 skulle bygge vidare på desse fordelane.
Commodore 16 | |||
| |||
Produsent | Commodore International | ||
---|---|---|---|
Type | computermodell | ||
Prosessor | MOS Technology 7501, MOS Technology 8501 |
Dessutan frykta Commodore at ein eller fleire japanske føretak skulle kunne underby heile marknaden. VIC-20 hadde vore det første forsvarstrekket. C16 skulle vera det andre. Sjølv om japanske føretak dominerte konsollmarknaden, vart det aldri noko konkurranse om heimedatamarknaden. Dessutan gjekk, Timex, Mattel og TI ut av marknaden før C16 var klar.
Produksjonen av C16 vart raskt avslutta i Amerika ettersom den var meint å kunne konkurrere i eit marknad som aldri vart noko av. Det var også lite tilgjengeleg programvare for maskina, så maskina selde lite der. I Europa hadde maskina noko suksess som ein billig alternativ til Commodore 64.
Commodore 116 var ein variant av C16 som berre vart seld i Europa. Den hadde enda mindre suksess.