Commodore Plus/4
Commodore Plus/4 var ein heimedatamaskin som vart laga av det amerikanske dataføretaket Commodore. Namnet viste til dei fire applikasjonane (skriveprogram, reknerark, databaseprogramm, og teikneprogram) som var innebygde i ROM-minnet. Datamaskina hadde noko suksess i Aust-Europa, men var lite populær i Vest-Europa og Amerika, der han kom i skuggen av Commodore 64.
![]() | |
Commodore Plus/4 | |
---|---|
Type | Heimedatamaskin |
Utviklar | Commodore Business Machines |
Lansert | 1984 |
Produksjonstopp | 1985 |
Prosessor | MOS Technology 750102 @ 1,76MHz |
Minne | 64KB |
Operativsystem | Commodore BASIC 3.5 |
Sjølv om Commodore 64 hadde 64 KB med RAM, kunne datamaskina berre nytte 38 KB av desse til BASIC-program. Plus/4 sin BASIC V3.5 hadde 59KB tilgjengeleg. Dessutan var prosessoren som Plus 4 nytta nesten 3/4 raskare enn den i Commodore 64.