UML
(Omdirigert frå Communist Party of Nepal (Unified Marxist-Leninist))
UML er det mest brukte namnet på det største parlamentariske kommunistpartiet i Nepal, og er forkortinga for siste delen av det offisielle engelske partinamnet Communist Party of Nepal (Unified Marxist-Leninist). På nepali heiter partiet Nepal Kamyunishta Parti (Ekikrit Marksbadi ra Leninbadi), forkorta til NeKaPa(EMaLe) eller NKP(EML). Partiet er den største konkurrenten til Kongresspartiet.
UML | |||
| |||
Land | Nepal | ||
---|---|---|---|
Grunnlagt | 6. januar 1991 | ||
Hovudkvarter | Katmandu | ||
Ideologi | kommunisme | ||
Politisk posisjon | venstresida |
Sjølv om partiet har bakgrunn frå den kommunistiske tradisjonen, fører dei i dag ein moderat sosialdemokratisk politikk. Partiet deltek i Sjupartialliansen for demokrati i Nepal.