संघीय लोकतान्त्रिक गणतन्त्र नेपाल
Sanghiya Loktāntrik Ganatantra Nepāl

(norsk: Nepal, nepalsk)

Det nepalske flagget
Flagg
Nasjonalsong «Rastriya gaan»
Motto Sanskrit: जननी जन्मभूमिष्च स्वर्गादपि गरियसि

(Mora og moderlandet er meir verdt enn paradiset)

Geografisk plassering av Nepal
Offisielle språk Nepali
Hovudstad Katmandu
Styresett
President
Statsminister
Parlamentarisk republikk
Bidhya Devi Bhandari
Khadga Prasad Oli
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
147 181 km² (93.)
2,8 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
29 384 297 (41.)
199,6 /km² (41.)
Danna
1768
Nasjonaldag 7. juli (kongen sin fødselsdag)
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
70 080 mill. USD (95.)
2 800 USD (165.)
Valuta Nepalsk rupi
Tidssone UTC +5:45
Telefonkode +977
Toppnivådomene .np


Nepal er ein republikk sør i Himalaya. Kina ligg i nord og India ligg i sør. Nepal er den einaste staten i verda som har hinduisme som statsreligion. Mount Everest, det høgste fjellet i verda ligg i Nepal. Partiet Nepals Kommunistiske Parti (maoistisk) har gjennom politisk kamp og geriljakrigføring frå 1996 vorte stadig mektigare. Til tider har dei kontrollera kring 70 % av flatevidda i landet, og i 2007 danna dei regjering saman med sjupartialliansen for demokrati i Nepal

Politikk endre

Politikken i landet har vore prega av til dels valdelege oppgjer. Den 1. juni 2001 vart store delar av det nepalesiske kongehuset skotne. Den offisielle versjonen var at kronprinsen myrda familien sin fordi kong Birendra skal ha avvist den kvinna kronprinsen tenkte å gifta seg med. Kronprinsen prøvde å ta sjølvmord, men overlevde så lenge at han kunne utropast til konge i sjukesenga[1]. Svært mange nepalesarar trur ikkje på dette, og meiner at bror til kongen, Gyanendra, stod bak. Etter at kronprinsen døydde vart Gyanendra konge frå 4. juni 2001.

Den myrda kongen Birendra av Nepal hadde vorte tvinga til å innføra eit parlamentarisk demokrati i landet etter ein folkeleg oppreist i 1990. Oppreisten fekk namnet Jana Andolan. I 1996 tok maoistpartiet NKP(m) opp våpen, og frå den tid var det borgarkrig. I 2001 innførte den nye kongen direkte kongemakt og avskaffa demokratiet. Folkelege protestar auka sterkt, og i 2004 vart den avsette statsminister, Sher Bahadur Deuba, innsett igjen. I april 2006 vart det våpenkvile mellom maoistane og regjeringa, og i november same år vart det underskrive ein fredsavtale.

Det vart heldt eit demokratisk val i Nepal i april 2008. Etter dette vart landet republikk. Leiaren for maoistane vart statsminister.

Administrativ inndeling endre

Nepal er inndelt i 14 sonar (anchal), med noko sjølvstyre. Bagmati, Bheri, Dhawalagiri, Gandaki, Janakpur, Karnali, Koshi, Lumbini, Mahakali, Mechi, Narayani, Rapti, Sagarmatha og Seti

Geografi endre

Nepal har ingen kyst, og ligg i innlandet i Asia. Terrenget er prega av høgdeskilnadar. I landet er det tre hovudsaklege regionar - slettelandet Terai sør; mindre fjell og haugar; i tillegg til høgfjellsområdet Himalaya, med Mount Everest 8 848 moh og andre høge fjell i nord. Av landet si totale flatevidd er 20 % dyrkbar jord. Erosjon på grunn av rovdrift av skogane er eit aukande miljøproblem.

 
Kart over Nepal

Klima endre

Himalaya har alt å seie for klimaet i Nepal. Nepal har fem klimasoner, ut frå høgda over havet og varierer frå subtropisk til alpint. Den sørvestlege monsunvinden vert pressa opp mot dei høge fjella og gjev store mengder regn. I austlege område av landet har ein derimot ein god del torevêr om våren, lenge før monsunen kjem. Midt i monsuntida, frå juni til september, kjem mykje av nedbøren om natta, og ein kan ha litt sol om ettermiddagen før bygene kjem. Katmandu har ein årleg nedbørsnormal på 1427 mm.

Monsunen varer ikkje like lenge ved fjellet K2 som ved Mount Everest, men om vinteren er det K2 som får mest snø sidan fjellet ligg langt nok nord til å kome i kontakt med vêrsystem på midlare breidder. Under dei høgaste toppane er vintervêret vanlegvis klårt med frost om morgenen, og av og til litt tåke.

Økonomi endre

Nepal er eit av dei fattigaste landa i verda, og kring halvdelen av folkesetnaden kan reknast som fattige. Hovudnæringa er jordbruk med 80 % av arbeidskrafta og 41 % av bruttonasjonalproduktet. 80 % av eksportinntektene kjem frå tekstilar og matter. Utanlandsk hjelp står for 60 % av Nepal sine kostnadar for økonomisk utvikling, og for 28 % av det totale statsbudsjettet.

Folkesetnad endre

Nepal har tre større folkesetnadsgrupper: Indonepalesarar, tibetonepalesarar og nokre urfolk. Mellom anna kan nemnast stammane newar, Bhote, Rai, Limbu og sherpa.

Kultur endre

Språket nepali er eit indoeuropeisk språk som vert skrive med Devanagari-skrifta, det vanlegaste indiske alfabetet. Nepali vert tala av nærare 60 % av folkesetnaden. I tillegg til nepali reknar ein med 12 andre større språk, og totalt over 100 språk og dialektar.

Den nepalesiske hinduismen, som er statsreligion er oppblanda med buddhisme. Innslaget er av buddhisme er sterkare enn i andre hinduiske område. 89,5 % av folkesetnaden reknar seg som hinduar, medan 5,3% er buddhistar og 2,7 % er muslimar.

Bildegalleri endre


Fotnotar endre

  1. Uoffisiell engelsk omsetjing av den offisielle rapporten om drapet på kongefamilien i 2001, arkivert frå originalen 20. februar 2004, henta 11. april 2007 
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Nepal