Compton Valley
Compton Valley er ein isfylt dal på nordsida av Ford Massif mellom Reed Ridge og Walker Spur i Thiel Mountains. Han vart kartlagd av gruppa frå US Geological Survey, som vitja Thiel Mountains i 1960–61. Dalen vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names etter løytnant Romuald P. Compton i U.S. Navy, som mista livet då eit P2V Neptune-fly styrta kort tid etter avgang frå Wilkes-stasjonen den 9. november i 1961.
Compton Valley | |||
dal | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Ellsworth Land | ||
- koordinatar | 85°1′S 91°20′W / 85.017°S 91.333°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Compton Valley» frå Wikipedia på engelsk, den 27. februar 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Compton Valley» (innhald frå Geographic Names Information System).