Opna hovudmenyen
Concerto in B Goode
Studioalbum av Chuck Berry
Sjanger Rock and roll
Lengd 34:33
Selskap Mercury
Produsent Chuck Berry
Chuck Berry-kronologi
From St. Louie to Frisco
(1968
Concerto in B Goode Back Home
(1970


Concerto in B Goode er eit studioalbum av Chuck Berry, utgjeve i 1969 av Mercury Records. Tittelsporet er ein lang instrumental som interpolerer mange tema som Chuck Berry spelte i den klassiske perioden frå 1957 til 1962 og tar opp heile B-sida av albumet med ei lengd på kring 18 minuttar. Tittelen referer til den delvis sjølvbiografiske songen «Johnny B. Goode».

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Rolling Stone(positiv) [1]

Albumet fekk særs god kritikk i Rolling Stone då albumet kom ut i 1969, og det vart skrive at Berry var tilbake i storform: «Meisteren er attende igjen og denne gongen har han kome opp med eit album som verdt ryktet hans»[2].

Dette var det siste albumet Berry gav ut på Mercury. Året etter var han attende hos Chess Records, der han hadde vore mykje av karrieren sin.

Innhaldsliste

InnhaldEndra

Alle songar er skrivne av Chuck Berry. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Good Looking Woman»   2:16
2. «My Woman»   4:50
3. «It's Too Dark in There»   3:50
4. «Put Her Down»   4:57
Side to
# Tittel Lengd
5. «Concerto in B Goode»   18:40

MedverkandeEndra

KjelderEndra

  1. Bangs, Lester (9. august 1969). «Records». Rolling Stone (San Francisco) (39): 37. Henta 7. juli 2017. 
  2. Platemelding i Rolling Stone - 1969

BakgrunnsstoffEndra