Chess Records var eit plateselskap i Chicago i Illinois i USA, stifta 1952. Det vart drive av dei polsk-jødiske brørne Leonard Chess (eigentleg Lejzor Czyz) og Phil Chess (Fiszel Czyz).

Chess Records vart kjent for den typen blues, rock'n'roll og rhythm & blues som vart spelt inn i studioa deira i Chicago. Selskapet gav ut artistar som Muddy Waters, Howlin' Wolf, Chuck Berry og Bo Diddley. Andre artistar som var knytt til Chess Records var Willie Dixon, Sonny Boy Williamson II, Gene Ammons, Jimmy Rogers, Little Walter, The Moonglows, Etta James, Minnie Riperton med fleire. Særleg Willie Dixon var ein viktig person på Chess Records. I tillegg til å vere ein dugeleg bassist og produktiv låtskrivar, medverka han òg som innspelingsprodusent på mange utgjevingar og vart ein slags gallionsfigur for selskapet.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre