Condom er ein by og kommune sørvest i Frankrike. Han er sous-préfecture i departementet Gers i Midi-Pyrénées. Byen har om lag 7 000 innbyggjarar og ligg ved elva Baïse.

Condom
Domkyrkja Saint-Pierre i Condom
Domkyrkja Saint-Pierre i Condom
Domkyrkja Saint-Pierre i Condom
Byvåpenet til Condom
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Midi-Pyrénées
Gers
Geografi
Flatevidd 97,37 km²
Flatevidd
 - By

97,37 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

7 251
  82/km²
Koordinatar 43°38′N 00°35′E / 43.633°N 0.583°E / 43.633; 0.583
Høgd over havet 82 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
UTC+2 (UTC)
Diverse anna
Postnummer 32100
Heimeside: www.condom.org

Condom ligg langs Via Podiensis, ei pilegrimsrute frå Le Puy via Saint-Jean-Pied-de-Port til Santiago de Compostella nordvest i Spania. Pilegrimar kjem til Condom etter Miradoux og passerer så gjennom Larressingle.

Ymse endre

Sidan byen har same namn som det engelske ordet for kondom, kan det vere verdt å merke seg at namnet på elva som renn gjennom byen, Baïse, utan tødlar er eit vulgært fransk uttrykk for seksuell omgang. På fransk heiter derimot kondom préservatif. Eit problem i byen er turistar som tar med seg gateskilt.

Byen er kjend for produksjon av armagnac.

Bakgrunnsstoff endre