Kondom
Kondom er eit prevensjonsmiddel i form av eit futteral, i dag hovudsakleg laga av lateks, som dekker penisen til mannen under samleie.
Kondom reduserer risikoen for graviditet og for å få kjønnssjukdomar som klamydia, gonoré, syfilis eller hiv. Kondom kan òg brukast til å halde sexhjelpemiddel, som til dømes dildoar, reine, og med dette òg hindre spreiing av kjønnssjukdomar.
Fordelar og ulempar med kondombruk
endre- Fordelar
- Einaste prevensjonsmiddel som beskyttar mot kjønnssjukdomar.
- Påverkar ikkje kroppens hormonsystem (slik andre prevensjonsmiddel gjer).
- Kan redusere problemet med for tidleg sædavgang.
- Ulempar
- Nedsett følsemd for mannen.
- Krev ein viss grad av motivasjon og disiplin.
- Nokon får svie og ubehag viss ein ikkje kombinerer kondom med glidemiddel.
- Nokon er allergiske mot lateks.