Convoy Range
Convoy Range er ei brei fjellkjede i Antarktis med ein platåliknande, flat topp. Fjellkjeda strekkjer seg sørover frå Fry Saddle og endar ved Mackaybreen. Ho er bratt på austsida, men heller slakare nedover på vestsida til Cambridgebreen.
Convoy Range | |||
fjellkjede | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Victoria Land | ||
- koordinatar | 76°47′S 160°45′E / 76.783°S 160.750°E | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Convoy Range 76°47′00″S 160°45′00″E / 76.783333333333°S 160.75°E | |||
New Zealand Northern Survey Party under Commonwealth Trans-Antarctic Expedition (1956–58) arbeidde i området i 1957. Fjellkjeda vart namngjeven av dei etter konvoien inn i McMurdo Sound 1956–57. Namna på dei forskjellige fartøya i konvoien vart nytta som namn på enkeltfjell i fjellkjeda.
Kjelder endre
- Denne artikkelen bygger på «Convoy Range» frå Wikipedia på engelsk, den 27. februar 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Convoy Range» (innhald frå Geographic Names Information System).