Cornelis Johannes Lemaire (11. juni 190816. juni 1981), kjend som Cor Lemaire, var ein nederlandsk pianist, dirigent og komponist. Han er best kjend for sitt samarbeid med Wim Kan og Annie M.G. Schmidt.

Cor Lemaire
Cor Lemaire.jpg
Fødd 11. juni 1908
Død

16. juni 1981

Yrke dirigent, komponist, pianist
Cor Lemaire på Commons

Lemaire kom frå ein kunstnarisk familie. Foreldra hans var Jan Lemaire sr. og Anna Anken, og bror hans var skodespelaren Jan Lemaire jr..

EurovisionEndra

Nationaal Songfestival 1956Endra

Lemaire deltok som låtskrivar i Nationaal Songfestival 1956, den nederlandske uttakinga til Eurovision Song Contest 1956, med to bidrag; «De vogels van Holland» og «De telefoon», båe framførd av Jetty Paerl. «De vogels van Holland» enda på andreplass med 1530 poeng, men sidan kvart land deltok med to bidrag kvar fekk båe vinnaren og andreplassen representere Nederland. «De telefoon» enda på sjetteplass med 438 poeng.

Eurovision Song Contest 1956Endra

Nederland deltok i Eurovision Song Contest 1956 i Ligano i Sveits med «Voorgoed» og «De vogels von Holland», der Lemaire hadde skrive sistnemnde. Kvart land deltok med to bidrag kvar, og det er ikkje kjend kva for poengsum eller plassering dei fekk. Av di røystgjevinga aldri vart offentleggjort kunngjorde ganske enkelt ein talsperson at Sveits hadde vunne.

KjelderEndra