Nationaal Songfestival 1956
Nationaal Songfestival 1956 var den fyrste utgåva av Nationaal Songfestival, den nederlandske uttakinga til Eurovision Song Contest. Finalen fann stad 24. april 1956 i AVRO-studio 1 i Hilversum, og vart presentert av Karin Kraaykamp. For å røyste måtte ein sende eit postkort til kringkastaren. Tevlinga vart vunnen av Corry Brokken med songen «Voorgoed voorbij». Av di kvart land deltok med to bidrag kvar fekk andreplassen, «De vogels van Holland» av Jetty Paerl, òg representere Nederland i den fyrste utgåva av Eurovision Song Contest i 1956.
# | Artist | Song | Språk | Låtskrivar | Poeng | Plass |
---|---|---|---|---|---|---|
01 | Corry Brokken | «Ik zei: ja» | Nederlandsk | Will Hartingsveldt go Jurriaan Andriessen | 0478 | 05 |
02 | Jetty Paerl | «De vogels van Holland» | Nederlandsk | Annie M.G. Schmidt og Cor Lemaire | 1530 | 02 |
03 | Bert Visser | «Gina mia» | Nederlandsk | Bert de Vries | 0116 | 07 |
04 | Jetty Paerl | «De telefoon» | Nederlandsk | Annie M.G. Schmidt og Cor Lemaire | 0438 | 06 |
05 | Corry Brokken | «Voorgoed voorbij» | Nederlandsk | Jelle de Vries | 1854 | 01 |
06 | Bert Visser | «Meisje» | Nederlandsk | Will Hartingsveldt og Jurriaan Andriessen | 0034 | 08 |
07 | Corry Brokken | «'t Is lente» | Nederlandsk | Alexander Pola og Else van Epen-de Groot | 1210 | 03 |
08 | Jetty Paerl | «Mei in Parijs» | Nederlandsk | Alexander Pola og Else van Epen-de Groot | 1034 | 04 |
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Nationaal Songfestival 1956 frå Nederlandsk Wikipedia .